Lesarbrev: Om damer på, og i Landevei

Kjære redaktør, eg er ein stort sett nøgd abonnent, og har stor nytte av artiklane til Landevei. Landevei oppfordrar damene til å stille opp og «ta plass». Difor har eg også vore skuffa.

Sist oppdatert 5. juni 2020 kl 10.04
REAGERER: Hvor blir det av dekningen av kvinnene i Landevei, spør forfatter av leserbrevet, Anne-Mari Samskott.
REAGERER: Hvor blir det av dekningen av kvinnene i Landevei, spør forfatter av leserbrevet, Anne-Mari Samskott.

Så til saka. Det er i hovudsak stor semje i sykkelmiljøet om at ein ynskjer å auke andelen damer i sykkelsporten. Ritt som Styrkeprøven har eigen dameklasse, og klubbar som Sagene tilbyr lågare innmeldingsavgift til kvinner.

Vi damer prøver også å stille opp der vi kan, og innimellom kreve vår plass. Det gjorde Ladies Tour of Norway, som krevde to millionar kroner frå NCF, som skjulte millionkontrakta for kvinnerittet.

Bladet Landevei oppfordrar også damene til å stille opp og «ta plass». Difor har eg vore skuffa over dekninga dykkar av Zwift-ritta NCF arrangerte i vår. Der stilte Norgeseliten av damer opp, og fekk stort sett eit par setningar nederst i kvar artikkel. Det var primært kun ei oppramsing av dei tre beste plasseringane.

Eg tenkte ein gong at no får damene fokus. Ein artikkel frå Landevei dukka opp i sosiale media, og eg vart gledeleg overraska over ingressen: "I går ble den andre runden av NCF Grand Prix kjørt på Zwift, her finner du kommentarer fra vinnerne og resultater fra alle klasser".

Anne-mari Samskott
DELTAGELSE UTEN OMTALE? Artikkelforfatteren under Jotunheimen rundt. Hvor blir det av omtalen av deltagelsen, spør artikkelforfatteren. Foto: Ola Morken.

Kult, tenkte eg, eg har sakna intervju med vinnaren, eller kven som helst i dameklassen i samtlege artiklar eg har lest. No er det betring på gang. Vel, eg vart skuffa. Det var ikkje noko intervju med damene. Fiffig nok var det intervju både med vinnaren av herreklassen, samt han som ikkje vann.

Her kjem difor eit par konkrete forslag til korleis Landevei kan bidra til å promotere damer i sykkelsporten. På 1881.no var det ganske enkelt å finne telefonnummeret til både Trude Wermskog Stormo som vann rittet i den nevnte artikkelen, og Ingrid Moe, som kom på andreplass. Det er høgst tenkeleg at kvinnelege ryttarar stiller til intervju om dei blir spurt. 

Eg ville prøvd det. Om dekninga ein gong hadde starta med å oppsummere dameklassen, hadde det vore svært artig, men eg skal ikkje be om for mykje på ein gong. Reint personleg ynskjer eg meg fleire testar av syklar og utstyr spesifikt til damer, sidan vi har litt skrinnare utval.

Å endre sykkelsporten til å bli meir likestilt er litt som Jotunheimen Rundt, langdrygt og tungt undervegs, men verdt det om ein kjem i mål. Om Landevei vil vere med og bidra, og kanskje ta nokre etappar i front, vil det vere til stor hjelp.

Beste helsing

Anne-Mari Samskott

Publisert 5. juni 2020 kl 10.04
Sist oppdatert 5. juni 2020 kl 10.04
annonse
Relaterte artikler
annonse

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen