Naving

”Vi befinner oss helt på toppen av behovspyramiden, det er bare selvrealiseringen igjen. Derfor sprer naving seg.” Landevei leitar etter fine nav for skivebremsar til sykkelkrossprosjektet.

Sist oppdatert 5. november 2013 kl 16.59
Det er ikkje flust av skivekompatible og 11-delte nav enno. Plukk og mix av deler frå terrengversjonen og landevegsversjonen til DT Swiss er eit av få gode alternativ.
Det er ikkje flust av skivekompatible og 11-delte nav enno. Plukk og mix av deler frå terrengversjonen og landevegsversjonen til DT Swiss er eit av få gode alternativ.

Årets nyord i 2012 vart naving, forfatteren av kronikken som gjorde oss bevisst på fenomenet forklara det slik:  ”Vi befinner oss helt på toppen av behovspyramiden, det er bare selvrealiseringen igjen. Derfor sprer naving seg.” Eg må bekjenna at dette stemmer alt for godt, og innrømmer at eg har nava mykje det siste året.

Som syklist har eg dekka primære og sekundære behov. Eg har velfungerande landevegssyklar, terengsyklar, sykkelkross og har til og med tertiærbehov som temposykkel og veteransykkel på plass. Men dette betyr ikkje at det er lett å stå på toppen av behovspyramiden. Etter å ha fått kriblinga i fjor vinter handla eg sykkelkrossramme med skivefester. Det vart ein Ibis, og ettersom standardutrustninga kunne profittere på nokre små oppgraderingar valde eg rammesett. Eller puslespel med uendeleg mange bitar, ei verd av moglegheiter!  

Eller vent litt. Verda var ikkje heilt klar for kombinasjonen skivebremsar og bukkestyre. Premature løysingar som hydrauliske cystar til montering under styret, mekaniske bremsar med vaiertrekk, felgar med stygge bremsebanar og nav til terrengsykling dominerte.

Verda var i endring, men veldig få hadde hengt seg på - til dei sjølvrealiserande sin store frustrasjon. Landevegsnav har vore ganske rett fram dei siste åra, med mange fornuftige val på øverste hylle. Shimano Dura Ace, Campagnolo Record og DT Swiss som robuste alternativ. Evt litt meir eksotiske variantar som Chris King, Tune, Extralite eller Alchemy til dei bemidla, anorektiske og/eller eksentriske. 

Men gjennom å konvertera til skivebremsar var det to ting som no stakk pinnar i eikene. Skivefester ekskluderte stort sett alle kvalitetsnav frå landevegen, og 11-delte boss (Campa og Shimano/SRAM) ekskluderte stort sett alle kvalitetsnav frå terrengsida. Kva gjer ein då? Om ein var interessert i å gå for 10-delte løysingar er det mykje fint å velga i frå terrengporteføljen, men...

Om ein bygger sykkel frå toppen av behovspyramiden er ikkje utgåande standard freistande. Den første tanken vart dermed å laga ein bastard frå eit DT240 terrengnav med 11-delt landevegsboss frå same produsent. Importør Deler AS bekrefta at dette lot seg gjera, om ein var villig til å kjøpa delene og snekra dei saman sjølv.

Fleire produsentar vifta med bilete av prototypar og komande modellar. Det var likevel tørt hjå importørar og butikkar. Chris King, som vanlegvis brukar lang tid på å utvikla nye ting såg ut til å vera redninga. Dei hadde lansert lekre R45 Isodisc, og med sine kompatible boss slumpa dei til å ha klart eit nav til skivebremsar og 11-delt. Så var det evt å få klørne i eit slikt sett. Rosa eller blå anodisering var lagervare, men ikkje så aktuelt. Mange nettbutikkar hadde negativ lagerstatus på edruelege fargar. Chris King veit dessutan å ta seg betalt for dei framifrå produkta sine, og det kunne fort bli mykje lyd og mykje varme for kredittkortet å gå for ei slik løysing. Den første Frankenstein-ideen vart difor løysinga. Så fornuftig at det nesten er kjedeleg, men litt som å velge King Cage flaskestativer. Ein veit kva ein får. Her var dessutan redninga kortreist. Kva som helst butikk i Norge hostar opp eit sett DT240 i løpet av ein dag eller to. DT240 har også centerlock-innfesting i staden for seksbolt som fleire av produsentane. Ganske lett, veldig robust og med god tilgong på deler elller alternativ for ombygging i framtida. Nye akselstandardar kan fort gjera seg gjeldande også på landevegen. 

Kva med Shimano og Campagnolo. Shimano er ikkje framande for å introdusera eit problem(ny standardf for boss) før dei har ei løysing (nav til dette bosset). Men i løpet av vinteren skal også dei kunne tilby eit nav med plass til sine eigne kassettar og centerlock-skiver. Nemleg CX75 som blir grå med 28 hol, til rett over tusenlappen. Campagnolo har sett i gong ein hurtigarbeidande espressodrikkande komitee, og melder om å ha noko på gong til 2016. Så inntil vidare ser kanskje DT Swiss og Chris King ut til å vera beste løysinga?

Eller ein kan kjøpa komplette hjul. Zipp har for eksempel 303 i skiveversjon og fleire andre tilbyr også komplette skivehjul frå 2014.

Navinga er dermed lagt på hylla inntil neste hjulsett skal byggast, men no er det felging (Er det det ein kallar rimming på engelsk?), eiking og saling som gjeld. Og til alle bitane er på plass har det garantert rasa inn nye lekre alternativ frå sidelinja. Fleire byggeklossar kjem i løpet av kort tid.

DT Swiss 240S Disc CL baknav (svart eller kvit), 255 gram, veil. 3499 kroner.

DT Swiss 240S Disc CL framnav (svart eller kvit), 136 gram, veil. 2099 kroner.

Importør Deler AS, www.deler.no

Publisert 5. november 2013 kl 16.59
Sist oppdatert 5. november 2013 kl 16.59
annonse
Relaterte artikler
annonse

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen