Langbein

Du ser ut av vindauget, kikkar på gradestokken og konkluderer at det ikkje er kort-kort i dag heller. Svært mange svergar då til kort selebukse i kombinasjon med lause knær eller –bein. Dei vidarekomne, den nye nikkersadelen, argumenterer for ¾-lange bukser. Landevei har dessuten nyleg testa og delt ut lovord om dei isolerte kortbuksene til Rapha og Assos.

Redaktørparet i Landevei og Terrengsykkel lar seg ikkje overbevisa om at langbukser med pute er liv laga. Og er er omlag like positive til fenomenet, som til å ha underbukse under sykkelbuksa. Favorittkortbuksa skal først på kroppen uansett, deretter er det lag på lag etter forholda. 

Kvifor blir det då produsert dedikerte langbukser med pute? Klare argumenter mot slike er at dei ikkje sit like godt på kroppen som ei god kortbukse og må vaskast kvar gong du har brukt den. Greit nok. Blant Castelli sine 24 ulike nikkers og langbuksemodellar er det likevel berre 3 bukser som ikkje har pute. Er det produsentane eller norske syklistar som har skjønt seg på dette? 

Dette bør vera ei god problemstilling for litt testing, og denne gongen fekk me sjansen til å sjå på tre ulike modellar frå Castelli som alle har pute. Den tjukke vinterbuksa Polare, ”regnbuksa” Nanoflex og den litt tynnare langbuksa Sorpasso.

Polare - åh, ååhhh!

Polare er den varmaste buksa Castelli leverer, med oppgitt komfortsone frå 8 til 4 kuldegrader. I praksis er dette spennet betydeleg større. For å halda kulde og fuktighet ute har buksa windstopper-membran og god isolasjon. Fronten, ryggen og magen har herlege flossa panel. Baksida som er i ly for fartsvinden har samme tjukke stoff, men utan membran for å kunne regulera varmen. Polare går høgt nok opp på magen/ryggen til at ein kan bruka den saman med ei kort sykkeljakke, men ikkje så høgt at buksa blir bulkete på magen. Buksa har Kiss-puta som gir god demping utan å bli alt for volumiøs.

Til skikkelege vinterforhold er ein nødt til å ha ei bukse som isolerer og i tillegg held ute vind og fukt. Polare gjer dette bra utan å vera for stiv eller klumpete. Denne vinteren har ikkje hatt sykkeldagar for kjølige til å ha det fint med berre Polare på beina.  Men i selskap med dei to tynnare buksene i testen føyer den seg dårlegare til kroppen under bruk. Meir om det seinare.

Castelli Polare Due 

+Svært varm og komfortabel bukse

-Tjukke tekstiler og membran gjer at denne ikke følger kroppen fullt så godt som dei andre to i testen

www.interplaza.no

Pris: 1264 kroner (Bikeshop)

Nanoflex Bibtight - Gabba sin nedre halvdel

Dei elastiske regntrøyene i Gabba-serien har fått mykje omtale dei siste åra og Nanoflex-artiklane skal vera partnarar for Gabba-overdelane. Det blir levert lause ermar, lause bein og korte/lange bukser. Dermed er dette plagg mynta på hard bruk under fuktige forhold. Nanoflex er ei overflatebehandling som gjer at vatnet prellar effektivt av. Denne behandlinga har imponert oss veldig på dei lause ermane, men armane nyt òg godt av ei tettvevd og glatt overflate. Nanoflex er marknadsført som ei regnbukse, dog ikkje for dei kaldaste dagane. Castelli oppgir komfortsone frå 6-18 grader, men så lenge det er tørt erfarer me at buksa held ned mot nullpunktet. Nanoflex-buksa har ikkje vindmembran, og fordelen med det er at buksa pustar betre og sit godt på kroppen. Nanoflex-buksa er nemleg veldig behageleg i bruk og hindrar ikkje tråkket. Utan vindmembran blir ein likevel meir sårbar for regn i kombinasjon med fartsvind. Buksa held oss nemleg ikkje tørre eller varme ved våt vinterbruk kombinert med fart/mykje vind. På landevegen med rimeleg tørre forhold, eller på sølete terrengturar kan ein greit bruka buksa ned mot null grader. Vatn og søle prellar av, men denne buksa er ikkje laga for lange rolege vinterturar i kaldt pissregn. Puta er den samme som i Polare og fungerer godt i denne buksa.

Nanoflex bukse

+Flott vannavvisande bukse til veldig bra pris

- Blir kald ved kombinasjon av regn og låg temperatur (0-5 grader)

www.interplaza.no

Pris: 939 kroner (Bikeshop)

Sorpasso - Superheltstrømpebukse

Har du nokon gong lurt på kven som leverer bukser til Supermann, Batman og Spiderman? Sorpasso er italiensk og betyr å overta eller å køyra forbi, og det er nett det Castelli Sorpasso gjer. Denne buksa syklar nemleg forbi alle kleskonfigurasjonar eg har prøvd til langbukseforhold. Sorpasso er tynn og lett nok til å vera ei sommarbukse, varm nok til å vera ei vinterbukse og i tillegg så komfortabel at ein ikkje tenker på at ein har noko på beina. Gjennom snart eit år har eg testa den frå fleire kuldegrader og opp til norsk sommartemperatur. På testing med Landevei i Spania i november var det faktisk ned mot null grader om morgonen, men i løpet av dagen kunne det fort bikka femten trivelege varmegrader. I løpet av mange timar på sykkelen i rykk og napp, skruing, fotoseansar, kaffistopp og bakketoppar var denne buksa heilt perfekt følge.

Sorpasso har fått plass i Rosso Corsa-kolleksjonen, ein kategori som husar nokre få av dei beste plagga til Castelli. Passformen er laga for aktive syklistar, og det er ikkje spart på materlaler eller detaljar. Sorpasso er sydd med to typar flossa tekstil, begge utan membran. Genial plassering og form på desse panela gjer at buksar sit som strømpebuksa til Spiderman. Eit skråstilt panel over kneet sørgar for eksempel for nok fleksibilitet gjennom tråkket, og litt tjukkare panel støttar og varmar dei store musklane i beina og setet. Sorpasso har også fått den beste puta frå Castelli, Progetto X2, som er heilt på høgde med det beste i byn.  

Castelli Sorpasso Bibtight

+Super passform og komfort, topp pute, stort temperaturområde, finnes i fleire varianter (Winstopper og dekor).  

-Ingen knytta til funksjon, kanskje for mykje logoar for enkelte

www.interplaza.no 

Priseksempel damemodell: 975 kroner (Bikeshop)

Langbein

Sjølv om alle tre buksene i testen har fungert bra for testpersonen, ser me eit poeng med ikkje å ha pute i dei tjukkaste vinterbuksene. Langbukser med pute stiller høgare krav til passform for å vera komfortable. Tjukke bukser med membran vil bli stivare og ikkje føya seg like godt til kroppen som ei kort selebukse. For enkelte vil dette kunne føre til gnaging og ei pute som ikkje er i kontakt med huden. Eit anna gyldig argument er at ei ytterbukse utan pute ikkje behøver vask etter kvar tur, kortbuksa går i staden til vask.

Trumf

Ei god langbukse med pute trumfar likevel kombinasjonar av bukse + lause bein, kortbukse + langbukse eller nikkers. Ei bukse som Sorpasso sit like godt som dei beste shortsane, er komfortabel i eit breitt temperaturspenn og gjer påkledning og handtering raskare og lettare. Ei god langbukse, sokkar, ulltrøye og softshelljakke er eit enkelt og funksjonelt antrekk til svært mange av turane frå hausten til langt utpå våren. Du treng ikkje leita etter det siste lause beinet i skuffa, du slepp å frysa på låra i den tynne kortbuksa di og treng ikkje tenkja på glipe eller gnaging mellom kortbukse og lause bein. Det eg har savna mest i testperioden er ein buksestrikk på låret å stikka halvtygde barar og papiravfall under. 

Denne testen har tre svært gode bukser laga for ulike forhold, alle fint prisa i forhold til kvaliteten. Oppsummert er det det likevel umogleg å ikkje bli blenda av den langbeinte stjerna Sorpasso. Dei andre buksene har gode kvaliteter på det dei er laga for, men enkelte gonger dumpar ein borti produkt som definerer ein heil kategori. Det gjer Sorpasso her.

PS: For dei som fortsatt ikkje er overbevist om at ei langbukse med pute kan fungere får dra fram barberbladet og sprette den ut.