ROLEX FOR SYKLISTER

Polar V800 er eksklusiv, særdeles funksjonell og gir deg diskret atletidentitet.

Sist oppdatert 23. desember 2014 kl 21.00
STILIG: Polars V800 fungerer både til hverdags og fest. Funksjonene er også like imponerende. Foto: Polar.
STILIG: Polars V800 fungerer både til hverdags og fest. Funksjonene er også like imponerende. Foto: Polar.

Polar V800

4399,-

Svart eller blå

Nett: pulsklokke.no

Pluss: Elegant og robust klokke, god batterikapasitet, intelligent døgnmåling av søvn, skritt og aktivitet, registrerer puls i vatnet, saumlaus integrering med telefon og internett. OBS: kun iOS, android fra desember 2014

Minus: Ikkje fullt utbygd programvare enno, ikkje automatisk opplasting til tredjepartsaktører som Strava, Trainingpeaks, etc, ikkje kompatibilitet med ANT+ 

...

V800 er toppmodellen til den finske isbjørnen Polar. Som isbjørnar flest er den eit robust dyr med få naturlige fiendar, men finnes smeltande isflak eller andre problemer som lurer?

Utvortes

Ut av boksen plukkar me ei klokke som ligg tungt og godt i handa. Aluminiumskasse og ei solid gummireim gir eit godt førsteinntrykk. Klokka blir levert i heilsvart eller ein blå variant med raude detaljer. Dei fem store knappane på sidene er lette å betjena sjølv med hanskar på. Skjermen har god kontrast og er dekka av «gorilla-glas» som faktisk er like sterkt som det høyres ut.

Etter snart eit halvt års uvøren bruk er det like ripefritt. Polar har gjort smart i å gå for moderat størrelse på skjerm og klokke, det gjer den meir diskret og lettare å ha på armen heile tida. 

Innvollar

Trass i moderat størrelse er det imponerande kva Polar-forskarane har klart å stappa under lokket: GPS, høgdemålar, sensorar som registrerer søvn og aktivitet gjennom heile døgnet, kommunikasjon med sensorar, mobil og nett.

V800 er i prinsippet eit kinderegg av tre andre Polar-produkt, multisportklokka RC5X, RC3 GPS og aktivitetsbandet Polar Loop. Dette pakka inn i ei klokke som følesmindreenn den forrige GPS-modellen RC3.

ARTSFREND: Polars V800 mot Garmins FR920XT.

Fleksibel treningskamerat

Menyar og bruk av klokka er intuitiv, i alle fall om du har fikla med ei Polar-klokke før. Ei rekkje startskjermar for ulike aktivitetar er sett opp, med hovudvekt på symjing, sykkel og løp. Det er nemleg mot triatlon denne klokka er utvikla, og med ei klokke som taklar dei tre aktivitetene passar den godt til det aller meste. Veldig mykje kan dessutan endrast etter ønske. Anten i menyane, eller i nettversjonen av programvara Polar Flow.

Mange syklister foretrekker klokke på armen og ikke skjerm på styret, og flere av oss driver også med andre aktiviteter.

Ei klokke kan aldri konkurrere med skjermen og grensesnittet til ein sykkel-GPS, men om du ikkje er oppteken av å ha kart eller åtte datafelt på styret til ei kvar tid har ei klokke sine fortrinn. Den er for eksempel på armen uansett kva du gjer, og må ikkje flyttast rundt. Sykkel-GPSen er nemleg tilsvarande upraktisk å ha med seg på løpetur eller ut på ski. Dersom du ikkje utelukkande syklar, og eigentleg kun er interessert i å logga rute og treningsdata, er ei pulsklokke betre. Klokka samlar alt du vil av data, og lastar dette saumlaust opp til telefonen. 

God flyt

Polar har nemleg lansert eit heilt nytt økosystem for innsamling, analyse og deling av aktiviteter logga på produkta sine. Og denne tenesta, Flow, er blitt veldig bra. Fordelen med å ha eige system er at all overføring skjer veldig smidig. Eit trykk på klokka koplar den opp mot telefonen via blåtann smart, og lastar dermed opp aktivitet og økter sidan sist overføring.

I mobilapplikasjonen får ein god oversikt over aktivitet, men telefonen synkroniserer også dataene vidare mot nettversjonen av Polar Flow. Her kan ein gå djupare inn for å analysera data eller dela med andre. Polar prøver å byggja eit sosialt nettverk av brukarar, som aukar i omfang, men fortsatt ikkje måler seg med for eksempel Strava. 

SOLID: Knappane er store og enkle å treffe, sjølv med tjukke hanskar. Foto: Polar.

Eigenrådig

Her kjem også litt av problemet til Polar. Eigne filformat og overføringsstandarar låser  nemleg fortsatt brukarane til Polars eigne løysingar og programvare i for stor grad. Med oppblomstringa av tenester som Strava og Endomondo kunne dette lett gjort Polar til eit nytt Nokia. Men dei siste produkta, lovnader om direktekommunikasjon med tredjepart, og at Flow i seg sjølv fungerer supert gjer at Polar fortsatt er heilt i toppen.

Mjuke og harde kvaliteter

Sidan ny programvare stadig blir rulla ut, er dagens pulsklokker dynamiske produkt,. Me har hatt klokka eit halvt års tid, og gjennom den perioden har det skjedd mange oppdateringar som har gitt klokka nye funksjonar. Likevel er det meir på gong, og Polar får stadig tilbakemeldingar som blir inkorporert i produktet.

Enkelte ting har Polar sagt at dei ikkje har konkrete planar om å tilby enno, for eksempel varslingar frå mobilen. Likevel har klokka teknologi til å kunne gjera slike ting i framtida. Det samme gjeld funksjonalitet for eksempel knytta til registrering av visse løpeparametre, eller data frå tredjepartssensorar, noko Polar seier at dei jobbar med og vil tilby snart. Komponentene og sensorane i klokka er låst, men måten å bruka dei vil utvikla seg gjennom livsløpet til klokka.

Storebror ser deg

Den største nyheten på klokka er integreringa mot telefonen og døgnaktivitetsmålinga. Her får du ei klokke som er mora di, trenaren din og barnevakt på ein gong. Sit du på rumpa i meir enn ein time vibrerer det på armen – Tid for aktivitet. Er det for lenge sidan du har trent får du beskjed om at du er undertrent og blir oppfordra til å koma deg ut. 

Og har du trent hardt får du klar beskjed kva tid du er restituert for ny hardøkt. Klokka loggar altså søvn, søvnkvalitet og antall skritt. Du kan sjå at du var vaken fire gonger i løpet dine 6 timar og 14 minutt med søvn, og at du nådde det planlagte målet om 10000 skritt før du gjekk til sengs. V800 gjer i tillegg dette heilt automatisk, noko som gir eit fortrinn mot for eksempel Garmin der ein må bekrefta at ein går til sengs. Alle funksjonar ein reint fysisk må aktivera eller skru av, blir nemleg fort gløymt. 

Kva skal du så med dette? Kanskje kan det virka som banale ting, men slike påminningar er med å bygga kunnskap om eigen kropp og om livet. Harde dagar og lite søvn blir tatt høgde for i utrekning av restitusjonstid. Etterkvart er ein ikkje like opphengt i å sjekka alle detaljer som er tilgjengeleg, men å få eit hint om å løfte rumpa etter for lang tid i kontorstolen føles bra.

Alltid der for deg

Oppsummert har Polar gjort ein del smarte ting med V800. Mykje av informasjonshåndteringa blir gjort på telefonen eller på nett. Dermed treng ein ikkje større skjerm eller enorme menysystem på klokka. Alt blir enkelt lasta opp på ein stor og god trykkskjerm på telefonen som uansett er med, eller opp i skya slik at du kan sjå nærmare på det frå ein annan skjerm. Klokka har alt ein ønskjer seg frå ei multisportklokke. Fin integrering mot mobil og nett, og er i tillegg bygd solid og elegant slik at ein gjerne har den på armen til dagleg.

Oppsummert

Me ønskjer oss fortsatt breiare kompatibilitet mot andre produsentar og programvare.  Inntil 2-3 år sidan mangla Polar støtte for å lasta opp data til Apple-produkt. At V800 no fungerer mot iOS frå lanseringsdagen, og utvidar med støtte til Android etter seks månader, seier kanskje noko om retningen Polar har tatt i det siste. Dei ønsker fortsatt ikkje å gå for den opne Android-tankegongen, og løyser ting på eigne måtar.

Polar meiner det er det best for brukaren at dei styrer alt frå registrering av pulsslag til deling av økta, ein strategi både Nokia og Apple har brukt med vekslande hell. Men Polar-bjørnen har lært av sine landsmenn i Nokia, og har siste året tatt eit stort jafs av Apple si produktfkjensle og grensesnitt i staden. 

Kvitebjørn kong Valemon

At V800 er Kvitebjørn kong Valemon og gir deg prinsessa lovar me ikkje, men den er definitivt ei gild og ven multisportklokke som går like godt til lands, til vanns og i lufta med.

Publisert 23. desember 2014 kl 21.00
Sist oppdatert 23. desember 2014 kl 21.00
annonse
Relaterte artikler
annonse

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen