Som liten venta og gleda eg meg alltid til noko – Jul, bursdag, påske, litt lego eller ny sykkel. Ofte var det langt fram og ganske kjedeleg, men på same tid uendeleg godt.

Impulskontroll

No for tida er impulskontrollen dårleg og eg orkar ikkje ein gong ønskja meg ting eg har lyst på. Det eg får lyst på er ikkje lenger unna enn eit klikk eller nærmaste butikk. I fjor vinter var eg på nippet til å kjøpa meg ein sykkelkross med skivebremser, men slo det frå meg. Eg hadde jo det eg trengte - Sykkelparken var komplett.

N+1 / S-1

La meg gjera det heilt klart, den kjensla varer aldri lenge. Det ligg ikkje i den menneskelege natur å vera nøgd med det ein har. Eg kjende på den snikande tanken som med jamne mellomrom melder seg. Stadig sterkare. Ein ny sykkel putra under overflata.

Skivesuget

Tanken om å testa skivebremser på landeveien dukka nemleg stadig oftare opp. Nettet var fullt av sterke meiningar om temaet, men ingen hadde erfaringar. Argumentene var mange. Skivebremser kom til å forårsaka mange velt, og dei glødande skivene kom dessutan til å maltraktera ryttarene ved velt. Kvifor skulle me ha dette på  landevegssyklar, det var ein aerodynamisk katastrofe, tungt, dyrt og stygt. Eg såg berre ei løysing – prøva sjølv.

Prematurt

Kanskje eg berre skulle bygga meg ein beskjeden sykkel? Tilgongen på deler og rammer var litt skral, men ting var på gong. Nokre få dyre customprodusentar hadde fått i gong fine landevegsrammer,  og i sykkelkross rørte ting definitivt på seg. Dei første sykkelkrossproffane var over på skiver etter at UCI oppheva forbodet i 2010/2011. Mindre produsentar hadde alt svingt seg rundt, og aktørar som Cannondale og Specialized kom etter. 

Point of no return

Eg vippa rakst over i realiseringsfasen av denne ideen. I møte med Probike-general Torben Bergland kom nådestøtet. Torben skulle senda bestilling til Ibis og eg kasta meg på. Eg hadde alt sikla på den lekre Hakkalügi karbonramma med skiver. Spørsmålet var komplett sykkel eller ramme? Eit raskt kikk på delelista viste nokre komponenter som kunne skiftast, og dermed hoppa eg inn i det vidunderlege puslespelet det er å bygga sykkel. Ramma kom etter nokre veker, men å få tak i deler skulle medføra eit år med venting. Eit år med mykje fin grubling og googling.

Her er resultatet. Enkelte komponenter har alt blitt diskutert, og andre vil bli nærmare presentert i tida som kjem.

IBIS Hakkalügi Disc

 

Ramme:                    

Ibis Hakkalügi disc 58 cm, Gangrene/black

Styrelager:

Cane Creek Forty

Gaffel:                        

Enve CX disc

Setepinne:

Enve 31.6, 400

Stem:

Enve 120 mm, 6 grader

Styre:

Enve compact 420 mm

Sal:                            

Jaeger Liteseat, lakkert og trukket med perforert sort lær

Hjul:

Nav:                          

DT Swiss 240 CL 32/32 bygd om med 11S boss

Hurtigkoblinger:         

DT Swiss RWS

Eiker:                         

Sapim CX Ray 280 og 282 mm, svarte, bygd 2X

Nipler:                        

Sapim 14 mm Polyax aluminium

Felg:                          

HED C2 Belgium, heilsvart.

Felgbånd:               

HED

Slanger:                    

Continental CX

Dekk:                         

Schwalbe Racing Ralph 35 mm / Schwalbe Marathon Winter 40 mm

Gruppe:

Skiftegrep:                 

Shimano ST-R785

Bremser:                   

Shimano BR-M785

Bremseskiver:            

Shimano SM-RT99 160/140 mm CL

Krank:                       

Shimano Ultegra 6800, 175 mm, 50/34

Krankgir:                   

Shimano Ultegra 6870 Di2

Krankgirklemme:      

Shimano Ultegra

Bakgir:                      

Shimano Ultegra 6870 Di2 medium cage

Kjede:                       

Shimano Ultegra 6800

Kassett:                    

Shimano Ultegra 11delt 6800, 11-28

Kabler:                     

Shimano e-tubes 6 stk (3x30 cm, 55 cm, 65 cm og 120 cm)

Koblingsboks front:    

Shimano 9070 3 port SMEW90A

Koblingsboks bak:     

Shimano intern SM JC41

Batteri:                     

Shimano SMBTR2 internt

Batterilader:              

Shimano SMBCR2

Styretape:                

Specialized S-wrap velvet, svart.

Feste for Garmin:     

Barfly 2.0

Flaskestativ:              

Arundel Mandible

Pedaler:                    

Shimano XTR 980

Vekt:                           

7890 g (uten pedaler og flaskestativ)

Geometri:

Stack:                         

596 mm

Reach:                        

387 mm

Hjulbase:                   

1037 mm

Sete/styrevinkel:         

73/71.5 grader

Kjedestag:                  

430 mm

Styrerør:                     

175 mm

Rytterens høgde:         

199 cm

Setehøgde:                 

860 mm

Krank-setespiss:       

95 mm

Setespiss-stem:         

600 mm

Dropp sete-styre:        

120 mm

http://landevei.no/Tester/Sykler/Foerste-krosskloss

http://landevei.no/Nyheter/Kultur/FREDAGSPRAT_HJULENISSEN

http://landevei.no/Tester/Utstyr/Naving